tirsdag 28. juni 2011

Kart over Voss!

30. juli byrjar å nærma seg, planlegginga er godt i gang og me gler oss stort begge to! Som det stod i innbydelsen er alle hjarteleg velkomne til ein matbit og hyggeleg lag fredag klokka 18.30 på Ole Bull Akademiet. Vielsen byrjar i Vangskyrkja laurdag klokka 15.00, så forflyttar me oss vidare opp på Ole Bull Akademiet for resten av kvelden. Søndag er alle invitert til rekebrunsj i Blomvegen 27 hos Mormor Katrina.

Vossingar flest veit nok både kor Ole Bull Akademiet, Vangskyrkja og Blomvegen ligg, men for alle dykk tilreisande som ikkje kjenner Voss som si eiga bukselomme, er både kyrkja, Ole Bull Akademiet og Blomvegen teikna inn på kartet over vakre Vossevangen (trykk på biletet for større versjon). Ein del av dykk som kjem langvegs frå har også fått rom på Ole Bull Akademiet, viss ikkje kartet under er informativt nok finn de ei nærare beskriving for korleis de finn vegen til Ole Bull Akademiet på heimesidene deira: http://www.olebull.no/minebilder/stortkart.jpg

fredag 10. juni 2011

Gåveynskje!

Hei alle saman!

Me har fått litt spørsmål om kva me ynskjer oss til bryllaupet og ynskjelister.

Me ynskjer oss mykje forskjellig. Då me begge er veldig glade i brettspel ynskjer me oss Bezzervizzer. Elles ynskjer me oss alt frå opplevelsesgåve og reisegåvekort,
til eit litt lett 3 manns fjelltelt, elektrisk drill og ein Tivoliradio (model one) til kjøkkenet!

Me ynskjer oss også små og store ting til vår nye heim, slik at me kan varte opp DEG med mat på fine fat når du kjem på besøk.

Me har laga ei ynskjeliste hjå Glas Thomsen. Glas Thomsen er i kjede med bl.a Voss Glasmagasin, og finnes også over heile resten av landet. Ei oversikt over butikkar som er del i Glas Thomsen kjeda ligg på heimesidene deira. For å få tilgang til ynskjelista besøk http://www.glassthomsen.no/onskeliste/gjest og logg inn med Id nr: 104138 og passord: 7543


Det ligg også ei ynskjeliste på Husfliden på Voss. Den kan ein berre gå innom å spørja etter;)