fredag 8. juli 2011

Nokre praktiske saker!

Ingrid seier at ho snart er ferdig å sy brudekjolen og eg har funne fram mansjettknappane, dette tyder på at bryllaupet nærmar seg, og litt praktisk info høyrer med!

Dersom nokon er vegetarianarar eller har allergiar eller liknande er det fint om de gir ein lyd til oss. Send til dømes ei melding til ingrid på 95775790, så vert det mat til alle!

Har du lyst å seia nokre ord, syngja ein song eller lesa ein limerick til brudeparet den 30. juli vert me svært glade, ta då gjerne kontakt med toastmastarane våre.
Vår gode venn Aslaug vil vera toastmaster under middagen.
Ho finn ein på telefon 95844213, og på epost: aslaug.kongshavn@gmail.com

Under kaffien er det våre håpefulle småsøsken som skal styra showet. Tore er tilbake frå Afrika ca 21.juli og slår då på telefonen sin: 97654732. Kristin finn ein på Husfliden på Voss og på telefon 99564975.

Me gler oss til å sjå alle samman snart!